Tårnagenthelg i Ferkingstad kyrkje 23.-24. mars

Tårnagenthelg i Ferkingstad kyrkje 23.-24. mars

Alle i 3. klasse er velkomen til vere Tårnagentar i Ferkingstad kyrkje!

Som Tårnagent vil du få vere med å utforske kyrkja, bibelen, tårnet og klokkene. Vi skal løyse ulike oppdrag og mysterium.

Agentane møtest i kyrkja laurdag 23. mars klokka 15.00-20.30.

Søndag 24. mars er det gudsteneste. Agentane møter klokka 10.00 for å gjere seg klare for den. Gudstenesta byrjar klokka 11.00, og familie og vener er hjarteleg velkomne.

Det kostar 100 kr å vere med på tårnagenthelg. Betaling skjer til konto 3361.63.22732.

Påmelding innan måndag 18. mars HER

Ta kontakt om du har spørsmål.

Venleg helsing Rune Richardsen (rune.richardsen@karmoykirken.no, 920 68 682) og Elin Grindhaug (elin.grindhaug@karmoykirken.no, 415 06 781)


Del denne artikkel på e-post