Olsokkonsert i Falnes 28. juli kl 18

Olsokkonsert i Falnes 28. juli kl 18

Her finn du meir informasjon om konserten

Laurdag 28. juli kl 18:00 blir det konsert i Falnes kyrkje.

Me får besøk av det gregorianske koret Schola Solensis (frå Sola), som vil syngja utdrag frå den såkalla Olavsmusikken, dvs den gregorianske musikken laga til olsokfeiringa i Nidaros i mellomalderen.

Kantorane Arnfinn Tobiassen og Lars Inge Tjøstheim vil bidra med norsk orgelmusikk basert på den same Olavsmusikken. Sentralt står sekvensen "Ljoset over landet dagna" (nr 248 i salmeboka).

Elles vil også Prof. Aslaug Ommundsen fortelja om si forsking på denne musikken.

Konserten er eit samarbeid mellom Karmøy orgelkonsertar og Olavsdagane i Avaldsnes. Om det ikkje passar kl 18:00 kan du få med deg same konserten i Avaldsnes kyrkje kl 21:00.

Inngangspengar kr 150,-. Velkomen!


Del denne artikkel på e-post