Falnes og Ferkingstad Menigheter > Vis


Innkalling til kyrkjelydsmøte på Kyrkjebakken


Måndag 15. september kl.18.00

Saksframstilling 

Samanslåing av Falnes og Ferkingstad sokn

 

Bakgrunn for saka:

Stavanger bispedømmeråd har i sak 21/24 vedteke å kutta i budsjetta sine som følgje av lågare tildeling. Kuttet er fordelt på prostia etter ein ressursfordelingsmodell utvikla for formålet.

For Karmøy prosti viser modellen, etter nedjusteringa, at me i dag har nesten ei heil prestestilling for mykje. Reduksjon skal skje når skifte i prestestillingar gjer det mogleg. Det er stillinga som sokneprest i Ferkingstad sokn i 50%, kombinert med kapellan i Åkra sokn i 50%, som vil bli teke bort. Ein reduksjon av den totale presteressursen i Karmøy vil mellom anna måtte få som konsekvens at Biskopen reduserer talet på gudstenester i prostiet (gudstenesteforordninga). Falnes og Ferkingstad må rekna med ein reduksjon i gudstenestefrekvensen som følgje av dette.

 

Saksopplysningar:

Kyrkjeverja i Karmøy har fått klare signal frå Karmøy kommune om at det blir nødvendig med innsparingar i driftsbudsjetta allereie frå 2026. Korleis desse innsparingane skal gjennomførast er ikkje endeleg vedteke. Når me skal gjennomføra innsparingar i begge arbeidsgiverlinjene i prostiet/fellesområdet, er det viktig å tenkja dette samla, slik at innsparing i den eine linja også gir innsparing i den andre. Prost og kyrkjeverje arbeider derfor tett og samla i prosessen om dei nødvendige reduksjonane.

Om me skal gjera strukturendringar i området Falnes og Ferkingstad, er det fleire måtar å gjera dette på. Falnes og Ferkingstad sokn har i dag felles stab i kyrkjeverjelinja, medan det er to sokneprestar. Ved reduksjon til ein sokneprest, vil heile staben vere ansvarleg for begge kyrkjelydane. Me kan halde oppe begge kyrkjelydane som eigne sokn med kvart sitt sokneråd, eller me kan slå sokna saman til eitt, med eit felles sokneråd. Det første vil i veldig liten grad gi innsparingar i kyrkjeverjelinja, medan samanslåing vil gi store innsparingar med ein gong, i form av lisensar, avgifter etc.

Soknsamanslåing blir vedteke av Bispedømmerådet, på bakgrunn av sak framlagd av dei ramma kyrkjelydane. Ved endringar av soknegrenser skal det arrangerast kyrkjelydsmøte, der medlemmene i kyrkjelyden blir inviterte til å koma med innspel og kommentarar til saka.

Ferkingstad sokneråd arrangerer kyrkjelydsmøte måndag 15. september kl.18.00 på Kyrkjebakken.

 

 

Nedanfor ligg referata frå dei tre møta der saka har vorte behandla til nå, med atterhald om feil, då referata endå ikkje er godkjende. Dei blir godkjende på neste soknerådsmøte i kvar av dei to kyrkjelydane.

 

Ferkingstad sokneråd 20.05.25

/Portals/9/Referat%20Ferkingstad%20soknerad%20sak%2018%2025.pdf

 

Falnes menighetsråd 05.06.25

/Portals/9/Referat%20Falnes%20menighetsrad%20sak%2026%2025.pdf

 

Fellesmøte for begge sokneråda 18.06.25. 

/Portals/9/REFERAT%20fellesmote%2018_06_25.pdf

 

Tilbake