Her finn du informasjon om årsmøte for Ferkingstad sokn 2019 og årsmelding for 2018.
Årsmøte for Ferkingstad kyrkjelyd 2019 vart haldt sundag 10.03.19 kl 12.30 på Kyrkjebakken.
Program:
- Lapskaus, pinneis, kaffi og twist
- Presentasjon av utkast til kyrkjelydens årsmelding
- Moglegheit til å stilla spørsmål og gi kommentarar til forslag til årsmelding eller kyrkjelydsarbeidet for øvrig. Innspela vart teken med før soknerådet gjer endeleg vedtak av årsmelding for 2018.
Det kom fra fylgjande kommentarer under årsmøtet:
* Kommentar til årsmeldinga frå dagleg leiar: Det vart påpeikt at det er feil stillingsheimelen for soknepresten. Enten må overskrifta endrast der det visast til kyrkjelydens eigne stillingsheimlar, eller må stillingsprosenten endrast frå 100% til 50% som er heimelen tilknytta kyrkjelyden i Ferkingstad.
* Kommentar til årsmeldinga frå Tårnklang: Skulle gjerne hatt meir stoff frå Ferkingstad i bladet.
- Svar frå dagleg leiar: Dette er noko redaksjonen sjølv erkjenn. For å rette på dette er redaksjonen åpen for å ta til seg medlem frå Ferkingstad. I dag har redaksjonen 3 medlem frå Falnes og 1 medlem frå stab.
* Kommentar til årsmeldinga frå Tårnklang: Kvifor trykkes ikkje lengre døpte, døde og vigde i bladet?
- Svar frå dagleg leiar: Det blei tatt ut av bladet sidan me i redaksjonen fekk beskjed om at det ville vara i strid med dei nye personvernforordningane i GDPR. No har me derimot fått kontrabeskjed frå Stavanger bispedømmeråd om at dette ikkje vil vara i strid med regelverket. Ein vil derfor om kort tid sjå denne kolonna igjen i kyrkjelydsbladet.
* Kyrkjebakken: Kva er situasjonen for Kyrkjebakken etter at Kyrkjebakken barnehage er blitt lagt ned?
- Svar frå dagleg leiar: No er me i ein situasjon der Overføringsavtalens Sikringsfond har anka tingrettens kjennelse om å opprette konkursbo for Kyrkjebakken bhg. Ferkingtad sokn er nevnt som ankemotpart. Me vil svara på anken, deretter må vi vente på svar frå Gulating lagmannsrett som vil ta stilling til anken. Uavhengig av korleis det går med anken, har me ein utfodring knytta til økonomien for Kyrkjebakken no som me har mista denne leigeinntekta.
- Svar frå soknerådsleiar: Elles forhandlar me nå om utleie til Læringsverkstedets barnehage på Sandane.
* Kommentar frå sokenrådsleiar: Det er val av nytt sokneråd til hausten. Dykk må gjerne melde interesse eller tips til nokon i soknerådet.
* Generell kommentar: Er det mogleg å revurdera annonsering i Haugesunds Avis?
- Svar frå dagleg leiar: Ja. Det er mogleg. Men soknerådet må vurdere om det er ynskjeleg. For eventuelle meirkostnadar må dekkast av soknerådet sjølv. No som økonomien er som presentart i årsmeldinga, er det neppe tida for å ta på seg ytterligere meirkostnader.
Vedtatt årsmelding for 2018 finn du ved å trykka HER.